Heime frå Praha

Fine tilbakeblikk frå Praha-turen, av flinke TUVA Photography!

Det vart dagar med masse sang, øving, konkurranse og fine minner saman med gamle og nye korvener. Det var inspirerande å vera med på konkurransen, både for opplevinga og erfaringa, men og for all inspirasjonen me fekk av å sjå og høyra dei andre flinke kora.

No er me tilbake i kvardagen, og ser fram til neste prosjekt:

Julekonsert i Domkirken

27.november kl: 18.00 og 20.00

Trykk gjerne «skal» på facebook: Away in a Manger

Bergen Domkirkes Jentekor, Octavia, Sankta Sunniva Kammerkor og Bergen Domkor med deres dirigenter Eirin Beate Åserud-Løvlid, Tore Kloster og Kjetil Almenning inviterer til skjønn førjulsstemning i katedralen.

Årets gjest er den fantastiske saksofonisten Marius Neset!

Konserten er gratis, med mulighet til å gi gave til SOS barnebyer ved utgangen.

Reklamer

NYTT KOR!

Etter velluka stand-aktivitet og reklamering i sosiale mediar, tel no Sankta Sunniva Kammerkor 44 songarar!

skjermbilde-2016-09-15-kl-23-47-08

Glad gjeng på Høyskolen i Bergen

Koret har sjeldan, om ikkje aldri, vore så stort og det blir spanande å sjå kva muligheiter dette gir. Spesielt fram mot jublieumskonsert i januar.

 

14231174_10153961723142517_6507427278745167292_o-1

Glad gjeng samlast som vanleg på Kvarteret etter øving, for quiz og noko i glaset. Koz.

Hausten er fyld opp og allereie til helga kjem fyrste store post: solist-helg!
Alle i koret er inviterte til å ta med ein song, anten i solo, duett, trio eller kvartett. Dirigent Tore Kloster skal halda workshops og gi songtips, og Frode Skag Storheim er med på piano og akkompagnement. På kveldane blir det bli kjend-leikar og sosialt kos, og sundagen avsluttar me med ein liten konsert. Det blir spanande og utviklande for koret!

skjermbilde-2016-09-15-kl-23-47-02

Alltid deilig å vera på heimebane. No kan hausten berre koma.

23.oktober blir det ein liten konsert: Beatus Vir i Johanneskirken, med repertoar av Vivaldi, Monteverdig og Dubra. Rett etter går turen vidare til Praha for ein utvida helgetur med konsertar og festival.

27.november blir det som alltid julekonsert i Domkirken, og 6.desember avsluttar me med ein intimkonsert på Haukeland, tradisjon tru.

Det blir eit fint haustsemester.

– StaS ut.
To be continued…

Radiokjendiser

I dag har vi startet konserthelgen med et brak – vi har vært på radio! Sammen med Bart Clavier var vi i NRK sitt studio på Minde for å prate om konserten på søndag. Vi fikk også spille en av sangene, noe som var en stor opplevelse! Et lite utvalg fra koret sammen med hele bandet fikk så vidt plass i det lille studioet, men det skapte en veldig fin stemning. Hør oss gjerne på NRKP1 Hordaland:

HØR RADIOINNSLAG

Spente utøvere før live-sending

Nå gleder vi oss bare enda mer til helgen og konserten på søndag! Håper å se mange der:

HULEN

Kl: 19:00

Billetter tilgjengelig her: https://hulen.ticketco.no/bart_clavier_og_sankta_sunniva_kammerkor