NYTT KOR!

Etter velluka stand-aktivitet og reklamering i sosiale mediar, tel no Sankta Sunniva Kammerkor 44 songarar!

skjermbilde-2016-09-15-kl-23-47-08

Glad gjeng på Høyskolen i Bergen

Koret har sjeldan, om ikkje aldri, vore så stort og det blir spanande å sjå kva muligheiter dette gir. Spesielt fram mot jublieumskonsert i januar.

 

14231174_10153961723142517_6507427278745167292_o-1

Glad gjeng samlast som vanleg på Kvarteret etter øving, for quiz og noko i glaset. Koz.

Hausten er fyld opp og allereie til helga kjem fyrste store post: solist-helg!
Alle i koret er inviterte til å ta med ein song, anten i solo, duett, trio eller kvartett. Dirigent Tore Kloster skal halda workshops og gi songtips, og Frode Skag Storheim er med på piano og akkompagnement. På kveldane blir det bli kjend-leikar og sosialt kos, og sundagen avsluttar me med ein liten konsert. Det blir spanande og utviklande for koret!

skjermbilde-2016-09-15-kl-23-47-02

Alltid deilig å vera på heimebane. No kan hausten berre koma.

23.oktober blir det ein liten konsert: Beatus Vir i Johanneskirken, med repertoar av Vivaldi, Monteverdig og Dubra. Rett etter går turen vidare til Praha for ein utvida helgetur med konsertar og festival.

27.november blir det som alltid julekonsert i Domkirken, og 6.desember avsluttar me med ein intimkonsert på Haukeland, tradisjon tru.

Det blir eit fint haustsemester.

– StaS ut.
To be continued…

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s